Årsmøte referat

Årsmøte for 2024
Møterommet Hatlestrand Skule
Fredag 21. mars 2025 kl 18.00
Sak 1: Val av ordstyrar, referent og representant til å signera referat
                                               Ole vart ordstyrar, Arve og Hans Olav signera
Sak 2: Godkjenning av innkalling og dagsorden
                                 Innkalling og dagsorden vart godkjent.
Sak 3: Årsmelding
                                Ole les, ingen kommentara.
Styret har hatt 3 styremøter i 2024, i tillegg 2 ekstraordinere årsmøter
og 3 møter i anleggsgruppa.
Båtlaget har 66 hovudmedlemmer, 15 utleigde båtplassar og 47
støttemedlemmer.
Styret har mellom anna jobba med desse sakene:
Me har skifta ut hovedbryggja, trekt nye kablar til straumtårna og ut på
moloen. Det er og lagt ut straum til framtidig badstue på moloen. Lagt
straum fram til grillhuset og lys fram til da nya skiltet. Me er godt i gang
med å fornya vatnledningane i anlegget.
Vedlikehald av bryggjene og utriggar vart gjort på hoved dugnaden.
Det er framleis nokre båtar som har for dårleg fortøyningar, me fortset å
fylja opp. Me har flytta litt rundt på båtane i anlegget slik at me får ei
betre bruk gjennom året. Det var for liten kapasitet på landstraum i
delar av anlegget, men det er no utbetra med av at Eide Fjordbruk no har
eige straumtårn.
Sak 4: Rekneskap

                                 Vart framført av Oddvar over Teams, ingen kommentara.

Sak 5: Val av leiar, styremedlemmer, havnesjef og revisor
                         Leiar: Ole Femsteinevik                  på val som leiar             med vidare
                                                                                     på val som styremedlem
                         Kasserar: Oddvar Skjefstad            på val                               med vidare
                         Hamnesjef: Norodd Nistad             på val                               med vidare
                          Dugnadssjef:  Arve Femsteinevik  på val                              med vidare
                         Medlem: Terje Ask                              ikkje på val
                         Skrivar: Linn Helen Jacobsen           ikkje på val
                      

                        Revisor:  Erling Boland                         på val                                med vidare


Sak 6: Avgifter, leige og kostnadar
Styret foreslår å behalda prisane frå 2024, med nokre korrigeringar:


Medlemsavgift båtplass 3 meter              Kr 1.050,-
Medlemsavgift båtplass 3,5 meter           Kr 1.100,-
Medlemsavgift båtplass 4 meter              Kr 1.150,-
Medlemsavgift båtplass 4,5 meter           Kr 1.200,-
Medlemsavgift båtplass 5,0 meter            Kr 1.300,-


Kvart medlem skal ha minimum 6 timer dugnad pr kalenderår.
Dugnadsavgift pr time kr 250,00


Medlemmer over 80 år er fritekne frå dugnad.


Straum pr kWh , kr 2,00


Støttemedlem pr kalenderår kr 400,00


Bruk av slipp pr gong kr 200,00


Årsleige båtplass 3 meter Kr 5.500,-
Årsleige båtplass 3,5 meter Kr 6.000,-
Årsleige båtplass 4 meter Kr 6.500,-
Årsleige båtplass 4,5 meter Kr 7.500,-
Årsleige båtplass 5,0 meter Kr 8,000,-


Dagsleige båtplass (med eller utan straum) kr 200,00


Båtplass – kjøp av plass for nytt medlem kr 80 000,00
Båtplass – tilbakekjøp ved oppseiing kr 78 000,00


Sak 7: Skifting av hoved bryggjo
Økonomi
                   Kva står igjen: VVS, Skilt, El-skap, Straum grillhus


Sak 8: Fortøying av båtar, Norodd tar bider og snakkar med eigara


Sak 9: Årets hoved dugnad vert :
      laurdag 14. juni kl 10.00 med grilling
Sak 10: ORIENTERINGSSAKER :
• BKK tomta, me kjøper 62m2. >> 26.000,-
Om me ynskjer meir må dette takast med ny eigar.
• Badstu på moloen
Konsekvensar, ansvar
Orientering ifrå kommunen


Referat ekstraordinert årsmøte for 2023

Konferanserommet, (gml tannlege) Hatlestrand Skule

Fredag 03. mai 2024 kl 19.00

 

Sak 1:         Val av ordstyrar, referent og representant til å signera referat

                                      TERJE og ARVE signera

Sak 2:         Godkjenning av innkalling og dagsorden

                                        Innkalling og dagsorden vart godkjent

Sak 3:         Kjøp av ny hovedbryggje

                            Økonomi    total kostnad er korrigert til  2,2 mil

                                                 me har sett av 500.000,- i eigenkapital

                                                 150.000,- er dugnadsinsatsen pr no.

                                                  då vert de ca 1,5 mill i lån

                                                   me kan risikera å få ca 300.000,- tilbakebetalt i mva kompensasjon

                            Framdrift, bryggja er bestilt for levering i oktober/ november 2024

                            Me dannar ei arbeidsgruppa som skal jobba vidare med ny bryggje.

                             Arbeidsgruppa vart valgt og består av:

                                                        Ole, Norodd, Arve, Terje og Oddvar frå styret

                                                         Magnar Eikeland, Helge Lie, Lars Magna Linga og

                                                         Frode Bergthun er  med frå medlemmene.

                                Framdriftsplan:

                                                                 Juni:                        møte med            LOS Ølve Elektro

                                                                                                                                Brekke & Lie VVS

                                                                                                                  få anbud på jobbane...

                                                                   September:        me tømer gamle bryggja

                                                                   Oktober:              ny bryggje på plass


Referat til årsmøte for 2023

Konferanserommet, (gml tannlege) Hatlestrand Skule

Fredag 23. februar 2024 kl 18.00

 

Sak 1:         Val av ordstyrar, referent og representant til å signera referat

           Ole vart ordstyrar og referent, Frode Bergthun og Helge Lie vart valt til å signera referatet.

Sak 2:         Godkjenning av innkalling og dagsorden

          Innkallinga vart godkjent med kommentar på at epost bør sendast ut til alle, gjerne med ei påminning rett før møtet i tillegg til facebook.

Sak 3:         Årsmelding

           Årsmeldinga vart lesen av Ole, eit par kommentarar og presiseringar.

Sak 4:         Rekneskap

Rekneskap vart lesen av Oddvar, kommentar på at mange kjøper seg ut av dugnaden og ein gjennomgang av straumkostnadar.

Sak 5:         Val av leiar, styremedlemmer, hamnesjef og revisor

            Val vart gjennomført utan kommentar, styret sitt forslag vart godkjent.

Sak 6:         Avgifter, leige og kostnadar

           Årsmøtet fant ein feil på oppsettet, dette vart korrigert. Vidare kom det benkeforslag på å endra, medlemsavgift, straum pris og årsleiga for båtplass.

Sak 7:         Kjøp av ny hovedbryggje

          Her vart det ein god drøs på løysingar og ein fin gjennomgang på kostnadar og løysingar.

Forslag på at alle medlemmer på stilla på EKSTRA dugnad vedr skifte av bryggje, alle må stille eller eventuelt få noko å jobbe for seg.

        

VEDTAK:    Styret kallar inn til ekstraordinert årsmøte så snart me har kontroll på finansieringa av ny bryggje.

 

Sak 3: Årsmelding  

 

Årsmelding for Hatlestrand Båtlag 2022

 

Styret i Hatlestrand båtlag 2023 var:

 

Leiar:                   Ole Femsteinevik

Hamnesjef:         Norodd Nistad

Dugnadsjef:        Terje Ask

Kasserar:             Oddvar Skjefstad

Sekretær:            Linn Helen Skår Jacobsen

Styremedlem:     Arve Femsteinevik

Revisor:               Erling Boland

 

Styret har hatt 3 styremøter i 2023.

 

Båtlaget har  65 hovudmedlemmer, 23 utleigde båtplassar og 45 støttemedlemmer.

 

Styret har mellom anna jobba med desse sakene:

 

Me har fortsatt jobben med vurdering av utskifting av hovedbryggja.

I forbindelse med straumprisane er det søkt om straumstøtte.

Betongdekke på moloen er støypt.

Årer til båten i Hatlesteinsvatnet er på plass ilag med kodelås.

Reparert stegane på bryggjene.

Montert utedusj på sida av grillhuset.

 

Vedlikehald av bryggjene og utriggar er gjort på hoveddugnaden og fortløpande gjennom sesongen.

Erfaringar med stormen i vinter er klar, hovedbryggja er vorten for dårleg og det er mangen båtar som har for dårleg fortøyningar. Me må verta strengare her. Me må uansett sjå på plassering av båtar som er i bruk gjennom vinteren, og på plaseringa av dei store/ tunge båtane i anlegget, her vert da ein jobb med omrokering.. 

PRESISERING frå årsmøtet:         

Punk 1:     Styret tar ansvar for å sjekke fortøyningane på hovedbryggja.

Punkt 2:   Det er påbudt med dempara på alle fortøyingstau på båtane som ligg i hamna.

                                              

Det vert sendt ut påminning om bruk av dempara i dette referatet,

dersom ikkje dempara kjem på plass innan utgangen av mars 2024 kjem båtlaget til å montera nye tau og dempara på eigars kostnad.

 

Pris på fortøyningspakker med montering:

 

Fortøyningspakke 4 stk 12 mm tau 1800 kg brudd med 430 mm fjær     Kr 1.600,-

Fortøyningspakke 4 stk 12 mm tau 2300 kg brudd med 485 mm fjær     Kr 2.000,-

Fortøyningspakke 4 stk 14 mm tau 2300 kg brudd med 485 mm fjær     Kr 2.350,-

Kraftigare fortøyningspakkar vert prisa etter forbruk.


Det vert ein ny gjennomgang etter at båtsesongen er fult i gang igjen.

 

Sak 4:  Rekneskap og eigendeler 2023

 

 

 

Eigendelar 2023:

 

 

 

 

 

 

Sak 5:  Val

 

Her er styret sin forslag for styre for 2024:

 

Leiar:               Ole Femsteinevik        på val som leiar, ikkje som styremedlem

Kasserar:        Oddvar Skjefstad        ikkje på val

Hamnesjef:     Norodd Nistad             ikkje på val

Dugnadssjef:   Arve Femsteinevik      ikkje på val

                        Terje Ask ( medl.)       på val

Skrivar:            Linn Helen Jacobsen  på val

 

Revisor:           Erling Boland              på val

 

 

Sak 6:        Avgifter, leige og kostnadar

 

Styret foreslår å behalda prisane frå 2023, benkeforslag vart vedtatt:

 

Medlemsavgift båtplass         3 meter           kr 550,00         Kr 1.050,-

Medlemsavgift båtplass         3,5 meter         kr 600,00         Kr 1.100,-

Medlemsavgift båtplass         4 meter           kr 650,00         Kr 1.150,-

Medlemsavgift båtplass         4,5 meter         kr 700,00         Kr 1.200,-

 

Kvart medlem skal ha minimum 6 timer dugnad pr kalenderår.

Dugnadsavgift pr time                                    kr 250,00

 

Medlemmer over 80 år er fritekne frå dugnad.

 

Straum pr kWh , vedtatt endring                    kr 6,00             kr 3,00

 

Støttemedlem pr kalenderår                          kr 300,00

 

Bruk av slipp pr gong                                      kr 150,00

 

Skrivefeil i innkallinga vart retta og benkeforslag vart vedtatt:

Årsleige båtplass 3 meter                              kr 5 000,00      Kr 5.500,-

Årsleige båtplass 3,5 meter                            kr 5 500,00      Kr 6.000,-

Årsleige båtplass 4 meter                              kr 6 000,00      Kr 6.500,-

Årsleige båtplass 4,5 meter                            kr 7 000,00      Kr 7.500,-

 

Dagsleige båtplass (med eller utan straum)   kr 150,00

 

Båtplass – kjøp av plass for nytt medlem      kr 80 000,00

Båtplass – tilbakekjøp ved oppseiing             kr 78 000,00

 

Sak 7:        Kjøp av ny hovedbryggje

SPONSOR BREV

 

Hatlestrand båtlag er eit lite båtlag med 75 båtplassar. Her er det hovedsakleg solgte plassar men og nokre som er på utleige.Me har utvida havna litt og litt og er nok no på max kapasitet. Me har 3 betongbryggjer av nyare dato og ei hovedbryggje av tre som no nermar seg pensjonsalder, ho vart lagt ut på tildleg 80 talet.

Etter erfaringar frå veret no i vinter har me konkludert med at bryggja bør skiftast ut. Me hadde fleire utriggara som løsna og ein heil del flyteelement flaut fritt. Det var i tillegg utfordrane og gå på bryggja pga mykje bevegelse. Bryggja er no meir og meir i bruk heile året og her kjem det inn spørsmål om sikkerheit for brukarane.

 

Me har laga eit budsjett for ny bryggje på 2.750.000,-

 

Me planlegg å ta opp lån på 1.500.000,-

Har lagt inn ein dugnad og eigeninnsats 500.000,-

 

Me håpar Dykkar firma kan vera med på sponsa noko av dei resterande 750.000,-

 

Me ser fram til at båthamna også i åra framover kan vera eit samlingspunkt for badande ungdomar, grilling og sosiale aktivitetar. Havna er og tenkt som eit av startpunkta for Hatlestrandsløypa som strekkjer seg fleire km rundt på bygda til andre nydelege turstopp. Me planlegg og kanogarasje for utleigekanoar i tillegg til opplegg for badstue ute på moloen.  Frå hamna er det kort veg opp til nærbutikken der du får tak i det meste. Oppvekstsenteret vårt brukar hamna vår som utgangspunkt for læring om sjø og sjøliv. Her driv elevane med bading i kaldt vatn både seinhauster og tidleg vår, kano turar og fisking. Dette er ei hamn som er i dagleg bruk, her ligg arbeidsbåtar for oppdrettsnæringa og nettselskap. I tillegg til alle dei private som nyter godta av ei trygg og god båthavn. Havna vår er ein viktig del av ei levande bygd og eit sentralt knutepunkt for aktivitetar.


Potensielle sponsorar me er i dialog med:

Eide Fjordbruk

Linga Laks

Mowi

Høvet

Bkk

Tombre Fisk

Bolaks

Kvinnherad Kommune

Sparebanken Vest

Sparebank1 stiftinga Kvinnherad

Hydro Sør Norge Aluminium

Eviny

Olav Thon Stiftinga

Los Ølve Elektro

Brekke og Lie VVS

Spar Hatlestrand

Måge & Nistad Bygg

Monter Hatlestrand

 

Forslag frå årsmøtet på fleire å ta kontakt med:

Fjord1

Ølve Industrier

 

Lage til ein SPLEIS, for å ta imot gåver

_____________________________                                               _____________________________

Frode Bergthun                                                                      Helge Lie

 ______________________________

Ole Femsteinevik, leiar, referent

 


Referat frå årsmøte 2022 i Hatlestrand Båtlag
24. april 2023 kl 1800
Årsmøtet vart halde i kinosalen ved Hatlestrand Skule.
Dei som møtte: Norodd Nistad, Oddvar Skjefstad, Terje Ask, Arve Femsteinevik og Stig Bjarte Fagerlid frå styret.
Det møtte 5 medlemmer.


Sak 1 Årsmelding
Årsmeldinga vart lesen av Norodd Nistad.
Ingen merknader til årsmeldinga.


Sak 2 Rekneskap
Rekneskapen vart lesen av Oddvar Skjefstad.
Ingen merknader til rekneskapet.


Sak 3 Val
Årsmøtet vedtok Ole Femsteinevik som leiar for 2023.
Terje Ask og Arve Femsteinevik var på val. Dei fortsett i ein periode til.


Sak 4 Avgifter
Årsmøtet vedtok følgande avgifter/leige for 2023.
Medlemsavgift båtplass 3 meter kr 550,00
Medlemsavgift båtplass 3,5 meter kr 600,00
Medlemsavgift båtplass 4 meter kr 650,00
Medlemsavgift båtplass 4,5 meter kr 700,00
Dugnadsavgift pr time kr 250,00
Kvart medlem skal ha 6 timer dugnad pr kalenderår.
Medlemmer over 80 år er fritekne frå dugnad.
Straum pr kWh kr 6,00
Støttemedlem pr kalenderår kr 300,00
Bruk av slipp pr gong kr 150,00
Det kom framlegg under årsmøtet om å auke alle satsane for årsleige med kr 1.000,-
Framlegget vart vedteke. Dei nye satsane er:
Årsleige båtplass 3 meter kr 5 000,00
Årsleige båtplass 3,5 meter kr 5 500,00
Årsleige båtplass 4 meter kr 6 000,00
Årsleige båtplass 4,5 meter kr 7 000,00
Døgnleige båtplass (med eller utan straum) kr 150,00
Båtplass – kjøp av plass for nytt medlem kr 80 000,00
Båtplass – tilbakekjøp ved oppseiing kr 78 000,00


Sak 5 Prioritering
• Dykking for å sjekke fortøyingar. Skada fortøying må utbetrast.
• Arbeid med innfestning av potongar på uteriggarane.
• Ferdigstilling av platning på molo.


Sak 6 Revidering lover for Hatlestrand Båtlag
Styret har sendt ut forslag om revisjon av vedtektene.
§10-4 blei revidert til: Å melde frå til styret om uregelmessigheiter til kvar tid.
Årsmøtet vedtok endringsforslagene og det reviderte lovforslaget.


Sak 7 Utnevning av æresmedlem
Johannes Femsteinevik blei utnevnt som det første æresmedlemmet av Hatlestrand Båtlag.
Årsmøtet vart avslutta kl 1930.


Norodd Nistad
Referent


Referat frå årsmøte 2022 i Hatlestrand Båtlag
21. april 2022 kl 1800
Årsmøtet vart halde i kinosalen ved Hatlestrand Skule.
Dei som møtte: Norodd Nistad, Oddvar Skjefstad, Terje Ask, Arve Femsteinevik og Linn Helen Jacobsen frå styret.
Det møtte 6 medlemmer.


Sak 1 Årsmelding
Årsmeldinga vart lesen av Norodd Nistad.
Ingen merknader til årsmeldinga.


Sak 2 Rekneskap
Rekneskapen vart lesen av Oddvar Skjefstad.
Ingen merknader til rekneskapet.


Sak 3 Val
Terje Ask og Linn Helen Jacobsen er på val. Dei fortsett i ein periode til.
Norodd Nistad fortsett som leiar.


Sak 4 Avgifter
Avgiftene står uforandra utanom dagsleiga for båtgjestene. Den blir 150 kroner per dag, uavhengig om straum blir brukt eller ikkje på gjestebrygga.


Sak 5 Prioriteringer
• Dykking for å sjekke fortøyingar. Skada fortøying må utbetrast.
• Vannlekkasje må ordnast. Røyrleggar er kontakta.
• Vannledning må festast til hovedbrygga.
• Arbeid med innfestning av potongar på uteriggarane.
• Revidering av båtlagets lover og vedtekter.


Årsmøtet vart avslutta kl 1930.


Linn Helen Jacobsen
Skrivar